Odd Nordstoga - Borga i Ur Lyrics

Artist: Odd Nordstoga Lyrics
Popularity : 54 users have visited this page.
Album: Track 8 on Luring
Rate: Borga I Ur gets avg. rating 1 out of 10 based on 1 ratings. Rate the song now!!!


To elver renn gjennom landet Ur, møtest der,
og høgt fra ein mur Ser du opptog med faner og vimplar i vind;
der elvene møtest skrid opptoget inn.
Eit bord med safirpynta beger av gull,
hyller med kunnskap, rull på rull.
Salar med strengespel,
song og lått, ringdans med fløyter og harpeslått.
Så snør det i landet: gløymselsnø.
Borte blir borga og gløymde dei brød.
Som metta dei fem tusen munnar frå korg:
Andlet ber blindt på ei tusenårssorg.
Og ingen kan minnast dei linne drag i dronningas andlet den fagre dag
Då landet her kvilte i heilag fred og alle hadde kjærleik å elske med.
Ei dør slår opp i den stille kveld,
gjennom opningen anar du skinet av eld
Og stemmer som vinden ber fram der du trør:
Dette er noko du kjenner fra før.
Ei hand spelar terning i fakkelskin,
ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin;
Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør:
Detter er noko du kjenner frå før.
Gløym slitet for glede og frykta for sorg;
det er her, alt du treng,
Det er brød i ei korg frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg.
Sjå her er dagen som renn.
Sjå, her stig sola for deg Sjå, her er korga med brød for alle,
i borga i landet Ur.


If you believe the lyrics are not correct you can Submit Corrections to us

Lyrics007 gets licensed to display lyrics and pay the lyrics writers through LyricFind. The most of song titles are calibrated according to wikipedia